Tysdag starta hurtigrutesesongen i Hjørundfjorden. Då kom M/S Richard With til Urke som årets fyrste skip.

På kaia på Urke venta forventningsfulle bygdefolk. Dei har stått på i heile år for å stelle i stand til dei to månadene hurtigruta kjem på vitjing.

Det var for to år sidan Hurtigruten ASA ville prøve ut Hjørundfjorden som ein destinasjon. Det vart så vellukka at Hjørundfjorden gjekk inn som ein fast destinasjon frå fjoråret av.

Autumn Gold

Hurtigruta har kombinert vitjinga av Hjørundfjorden med eit nytt konsept, Autumn Gold. Det gjer Hurtigruten ASA for å strekkje sesongen.

Autumn Gold vert segla frå 1. september til 31. oktober, og då passasjerane i fjor skulle krysse av for den finaste opplevinga, vart turen inn Hjørundfjorden og til Urke den mest populære på nordgåande rute.

Det er altså Urke som er målet for vitjinga av Hjørundfjorden. Der har folk tre alternativ. Dei kan verte verande i båten, dei kan vere med på synfaring til Norangsdalen og Hotell Union, Øye, eller dei kan vandre i Urke-bygda.

Norangsdalen

Tysdag var det tre bussar som stod klare til å frakte passasjerar til Norangsdalen og Øye.

Hurtigrutevitjinga gjev ringverknader for fleire aktørar. Det gjeld Hotel Union, det gjeld tenderbåten M/S Hjørundfjord, og håpet er at det også skal gjelde Urke.

Der har bygdefolket mobilisert dei siste åra for å hente inntekt ut av hurtigrutevitjingane. I år er t.d. det gamle kaihuset renovert og pussa opp, og stod tysdag klart til å ta i mot passasjerar som kom på land.

Alle hurtigruteskipa kjem i tur og rekkjefølgje innom Hjørundfjorden og Urke i to månader framover.

Skipa kjem til Urke om lag kl. 11.30, og vert verande til fram i mot kl. 15.00.