– Ut ifrå tidlegare drift er det er truleg at der er noko ureining i tomta. Vi får snart ein rapport som fortel om omfanget, fortel dagleg leiar i H.I Giørtz Sønner AS, Egil Giørtz.

I vår kjøpte det ålesundsbaserte selskapet Mørebiltomta saman med Arne Johan Rebbestad og Asko Eigedom AS. Prisen var 6,5 millionar, ein halv million lågare enn prisantydninga.

Planen er å byggje for både næring og bustader på tomta.

– Men vi brukar ikkje pengar på eit skisseprosjekt før vi har fått rapporten frå selskapet som har gjort grunnundersøkingane. Det vart funne noko småtteri under prøveboringa, og no ventar vi altså på rapporten, fortel Giørtz.

Kansellere

I kjøpskontrakten går det fram av kjøparane kan kansellere kontrakten dersom det vert funne eit uakseptabelt nivå ureining i grunnen der det tidlegare i mange år vart drive bensinstasjon.

Viss eigarane går for ei utbygging, har dei knappe fem år på seg til å utvikle tomta.

Også legane i Ørsta kjempa for Mørebiltomta.