Volda kommunestyre meiner fylkeskommunen heller bør prioritere betring av det eksisterande ferjetilbodet mellom Volda og Lauvstad, framfor å erstatte dagens kai i Volda med eit samband til Mork/Eikrem.

Eit samband til Mork ville gitt kortare reisetid over fjorden Voldsfjorden.

235 grunneigarar på Mork har gått til underskriftsaksjon mot bygging av ny ferjekai. Underskriftene til desse vart lagde fram for kommunestyret.

I vedtaket i kommunestyret heiter det likevel at ein er open for å vurdere nye løysingar i sambandet til Lauvstad i framtida – til det beste for brukarane. Volda ønskjer også prioritering av rassikring av fv. 40 rundt Dalsfjorden.

Vedtaket i Volda kommunestyre er ein høyringsuttale til fylkeskommunen, som har avgjerdsmynde i saka.