Silje Merete Rusten (25) og Sigrid-Anette Vatne (25) er to av 109 registrerte kvinnelege jegerar i Ørsta. Og dei får selskap av stadig fleire.

– Men det er veldig mannsdominert. Det merkar vi. Eg var på oppskyting på Vartdal no, og då var vi kanskje fire eller fem damer og 50 mannfolk som stod i kø, fortel Silje Merete.

Familietradisjon

Talet på registrerte mannlege jegerar i Ørsta er 1.260, så damene ligg eit godt stykke bak.

– For oss handlar det mykje om familietradisjonar, fortel dei to.

Sigrid-Anette var med faren sin på si første hjortejakt som åtteåring, og fekk oppleve slakting av hjort som elleveåring. Familien til Silje Merete har også sterke jakttradisjonar, og både bestefaren, mor og onkel har vidareført interessa til henne.

Sigrid-Anette har skote seks hjortar i sin karriere. Silje Merete fekk sin første i fjor, på sin første jaktdag i karrieren.

– Ho ringde meg, og det einaste eg høyrde var ei vill skriking i telefonen. Ho var så glad, ler Sigrid-Anette.

– Eit skikkeleg kick var det, stadfestar Silje Merete om fellinga av spissbukken.

1.000 dyr

– Mitt inntrykk er at når damene gjer noko, så gjer dei det skikkeleg. Og det er fint å sjå at vi vert fleire.

Leiar i viltnemnda i Ørsta og mor til Silje Merete, Else-Beate Barstad, har jakta i ti år. Då ho starta var ho ei av få kvinner. I sesongen 2003–2004 var det registrert 66 kvinnelege jegerar i Ørsta. Pilene går sakte, men sikkert oppover.

– Mykje var annleis då eg starta, og eg trur heldigvis at motførestellingane mot at kvinner skal jakte også er i ferd med å forsvinne.

Barstad trur også at mange kvinner kanskje føretrekkjer småviltjakt, men når Ørsta er den tredje største hjortekommunen i landet, er det hjortejakta som dominerer her. Når jakta startar 1. september er det gitt fellingsløyve på over 1.000 dyr. Normalt sett vert det felt over 900.

Sjelefred

– Eg gler meg skikkeleg. Det er fantastisk. Stort sett sit eg aleine på post. Du er heilt stille og heilt isolert. Då får eg sjelefred, seier Sigrid-Anette.

Silje Merete er samd.

– Det er utruleg spennande å vere i skogen og sitje heilt stille og høyre etter lydar.

Nokre gongar er dei fleire også, men den sosiale biten av jakta kjem helst etter at det er felt eit dyr, når det skal hentast ned frå skogen og slaktast og parterast.

– Det er fint å sjå heile prosessen heilt til matfatet. Og eg lagar verdas beste hjortegryte, kan Silje Merete fortelje.

Tilgang

Dei hadde gjerne sett at fleire kvinner tok børsa i eigne hender, men forstår at det er ei interesse som i stor grad kjem gjennom arv og familie.

– Du må jo ha tilgang på jaktområde, og du må kjenne nokon eller vite om nokon for å kome med på eit jaktlag. Men det er god felling i Ørsta, og med over 1.000 dyr burde det vere ein sjanse, meiner Sigrid-Anette.

– Og kvinnfolka gjer ein minst like god jobb som mannfolka, så vi har absolutt noko i skogen å gjere, seier Silje Merete.