- Heia, heia.

Entusiastiske heiarop frå tilskodarane losar deltakarane i Vartdal Rundt dei siste meterane over mållinja ved Vartdal skule.

I samband med Vartdalsstranddagane vart det laurdag for første gong arrangert løp rundt Vartdal. Dei vaksne i konkurranseklassa sveitta seg gjennom ei løype på ei drøy mil, mens trimklassa og dei yngste konkurranseløparane hadde ei runde på rundt fire kilometer.

- Målet er å kome seg rundt heile løypa, kommenterte Odd Magne Vinjevoll, før løpet starta. Han var ein av 42 deltakarar i konkurranseklassa. I trimklassa stilte 110 til start.

Taktikk

Bjørnar Hunnes vart raskast av mennene. Han kom i mål etter berre litt over 36 minutt. Han rosar arrangørane.

- Dette er eit flott tiltak. Eg er glad i å springe. Eg har to små, så dette er ein effektiv måte å halde seg i form på. Det er bra at det vert arrangert lokale løp, og det er viktig å støtte opp om dei.

Raskast av damene vart Nina Melle Scharning. Ho jubla seg over mållinja. God taktikk gjorde at ho kom først i mål.

- Det var eit tungt løp, og eg bestemte meg for å halde eit jamt tempo. Det var nokre som låg før meg i starten, men eg heldt på mitt tempo, og det gjekk jo greitt. Eit veldig flott arrangement, seier ho, og fortel at ho har med seg heile familien til Vartdal for å få med seg dei ulike arrangementa på Vartdalsstranddagane.

Nina Roth kom i mål som nummer to av damene.

- Åh, eg låg bak deg heile vegen, men klarte ikkje å kome meg forbi, ler ho når ho møter att vinnaren, og gir henne ein velfortent gratulasjon.

Vartdalsstranddagane held fram med ulike arrangement også søndag.

Då vert det mellom anna friluftsgudsteneste på Barstadsetra, middag på Samhald, natursti, andeslepp og storstilt avslutningsmarkering.