– Stikkord og bodskap i markeringa er «Slå ring om skulen», seier lokallagsleiar i Utdanningsforbundet, Geir Oddekalv.

Markeringa er ein del av ei nasjonal markering som vil gå føre seg på same tid i alle norske kommunar.

Oddekalv og nestleiar Sindre Sandbakk inviterer lærarar og andre som ønskjer å vere med på markeringa til å kome å slå fysisk og symbolsk ring om Velle skule tysdag ettermiddag.

– Sjølv om vi ikkje er tekne ut i streik lokalt, så er vi ein del av konflikten. Forslaget om å redusere den fleksible arbeidstida til lærarane er ikkje positivt for skulen og vår måte å jobbe på, seier Oddekalv.

Han seier at lærarane har vorte pressa meir og meir dei siste åra, og at KS tek litt etter litt frå lærarane, utan at dei får noko att.

– Det er ei stor tillitskrise mellom lærarstanden og arbeidsgivarane. Det kjennest ganske håplaust. Også fordi statsministeren i valkampen gjekk høgt ut og snakka varmt om den fleksible arbeidstida til lærarane, og så gjer dei som forhandlar på vegner av regjeringspartiet det stikk motsette