Det seier Jon Helge Bjørndal og Unn Frøland i nominasjonsnemnda til Ørsta Senterparti.

Nominasjonsnemnda hadde sitt fyrste møte sist måndag, og med i nemnda er Tove Halse Digernes og Karl Asgeir Sæbønes i tillegg til Bjørndal og Frøland.

Det aller fyrste nemnda har gjort, er å spørje dei fem representantane som representerer Senterpartiet i dag om dei tek attval. To har svara. Ola Perry Saure tek attval, medan Signe Turid Barstad har takka nei.

– Vi ynskjer denne gongen å gå breiare ut enn vi tidlegare har gjort, og inviterer difor heilt ope alle som er interesserte til å ta kontakt med oss. Lokalpolitikk er viktig, og mange viktige saker står føre, som kommunesamanslåing og arealplanlegging, seier Frøland.

Ho meiner også nasjonale saker gjer at det er behov for eit sterkt Ørsta Senterparti.

– Målet er at vi skal greie å auke mandattalet frå dei fem vi har no til i alle fall sju, seier Frøland og Bjørndal.

Og understrekar at dei ynskjer kandidatar frå heile kommunen, også sentrum.