– Det manglar ein samla identitet mellom dei kommunalt tilsette, kanskje bortsett frå dei som jobbar på rådhuset, seier rådgjevar Olav Sindre Kriken.

Han meiner felles identitet er svært viktig for kommunen sitt omdøme.

Profilering

Som ein lekk i utviklingsprogrammet «Saman om ein betre kommune», eit samarbeid mellom folkevalde, leiarar/administrasjon og tillitsvalde, vert det også sett fokus på kommunen sin visuelle profilering.

I samband med dette er det sett ned ei arbeidsgruppe, og selskapet Racer, som mellom anna driv med konsulenttenester, er hyra inn i arbeidet for å utfordre prosjektgruppa.

– Det vert gjort mange feil i bruk av kommunen sin identitet, og ein finn ingen konsekvent profil. Mellom anna er det ulik bruk av kommunevåpenet på kommunale bygg, kommunevåpenet har m.a. ulik farge, registrerer Olav Sindre Kriken og Kurt-Erik Myrseth i Racer.

Dei synest at Ørsta kommune har eit veldig moderne og minimalistisk kommunevåpen som er eit godt utgangspunkt for sams profilering.

– Slik profilering er mest aktuell for kommunale bilar, uniformering, brev, annonsering og veggplater, seier prosjektleiar Hilde Flotve Mo.

Racer har utarbeidd fleireframlegg til profilering av m.a. rådhuset og kommunale bilar.

Slagord

Racer ønskjer også at kommunen justerer Ørsta kommune sitt slagord som heiter «Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane».

– Det er mykje meir interessant å nytte «Hjartet av Sunnmørsalpane». Då kan vi seie kva innhaldet skal vere og kommunen vert premissleverandør for innhaldet. På den måten eig Ørsta i større grad denne merkevara, forklarar Olav Sindre Kriken og Kurt-Erik Myrseth i Racer.

Dei presenterte denne veka synspunkta sine til politikarane i formannskapet.

Snart vil ein kunne sjå resultate av kommunen si nyprofilering, der m.a. dei mange kommunale bilar vil få ny identitet. Og kanskje vert dei blå?