– Men aktivitetsnivået vert ikkje så omfattande som under stordomstida. Men vi ønskjer å satse på ein del konsertar og andre tilstellingar med artistar av høg kvalitet, fortel Bernt Brekk og Olav Sindre Kriken, to av fleire som har ein mindre aksjepost i Rust.

Opna dørene

Dei gjekk høgt ut duoen Steinnes og Krøvel då dei sommaren 2002 opna dørene på Rust. Dei ville satse stort på dei beste artistane. Eigarane skaffa det beste utstyret og etablerte fasilitetar av klasse.

Oppskrifta vart ein suksess, og Rust utvikla seg ganske raskt til å verte ei av Vestlandet sine mest aktive konsertscener – og snart var dei ei av dei mest kjende og populære i landet. Mest alle toppartistar har spelt på Rust.

Det er fleire årsaker til at det har vore stille på Rust siste åra. Rett nok har der heile tida vore aktivitetar med diskotek og open bar og ein del musikkarrangement i høgtidene, men Rokken i Volda har teke over som lokal konsertscene.

Føresetnader

– Rokken har heilt andre føresetnader enn oss, og vi har inga muligheit til å konkurrere på deira vilkår. Vi gjer likevel eit forsøk no på å blåse støv av Rust som konsertscene, fortel Bernt Brekk. Økonomien er betra. Og no er det opp til folket om Rust skal ha aktivitetar.

– Det er utfordrande og ganske håplaust å arrangere konsertar når ørstingane ikkje går ut før klokka er nærare eitt om natta. Vi er difor nøydd til å skaffe så attraktive artistar at folk går ut i ellevetida. Då må vi leggje lista høgt, og kostnadene vert store, konstaterer Brekk og Kriken.

– Dette gjer at vi ikkje kan trakke feil mange gonger før det går gale. Økonomien er marginal og vi som eig Rust driv på non profit-basis, der eventuelt overskot går til å booke nye artistar og byggje opp ein buffer slik at ein slepp å ta stor risiko, forklarar Brekk og Kriken.

Dei har klar to godbitar på konsertprogrammet denne hausten: 11. oktober kjem rockarane i supergruppa Skambankt til Rust. 1. november er det duka for pop, funk og fusion då DSound med Simone Eriksrud, Jonny Sjo og Kim Ofstad inntek Rust si scene med lekker club- og loungemusikk.