– Vi er overraska over kritikken, seier Ketil Jarl Halse, Aud Folkestad, Sverre Liestøl og Arne Myklebust.

Graverande

Det var på eit styremøte for vel ei veke sidan at rektor og styreleiar Per Halse fekk passet sitt påskrive. Møtet var referert i Møre-Nytt tysdag. Mellom andre styremedlem Terje Heggem likte ikkje at Halse hadde uttalt seg til media om kva tankar Halse har om framtidige strategiar for Høgskulen i Volda, og kalla uttalane for graverande.

– Kritikken kom overraskande fordi styret faktisk fleire gongar dei siste sju til åtte åra har drøfta ulike samarbeidskonstellasjonar, seier dekanane.

Fagleg

Dei meiner rektor har uttalt seg om dei faglege argumenta som talar for prioritering av samarbeidet med Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet (UH-nett Vest).

Fleirtalet i styret bestemte på møtet å heller prioritere ei satsing på eit samarbeid med høgskulane i Møre og Romsdal, og inkludere Høgskulen i Sogn og Fjordane, på tvers av ønsket til styreleiar.

I kritikken vart det framheva at rektor ikkje burde ha uttalt seg før styret hadde handsama saka.

– Men i høgskulen sine plandokument, vedtekne av høgskulestyret, har UH-nett Vest vore framheva som ein viktig samarbeidsarena. Med støtte i styret har høgskulen søkt om medlemskap i dette samarbeidet og har skrive under bindande avtalar om vidare samarbeid. Seinast i møtet i juni diskuterte styret strategiar for høgskulen, og det kom heller ikkje då noko signal om «ny kurs». Men styret har sjølvsagt ikkje sagt nei til fagleg samarbeid med dei andre høgskulane i fylket, eller andre nasjonale eller internasjonale fagmiljø. Det har heller ikkje rektor sagt nei til, seier dei fire.

Ikkje grunnlag for kritikk

Dei meiner rektor har sin fulle rett til å uttale seg til media.

– Han er leiar for styret og fagleg leiar for skulen, valt av studentar og tilsette. Då må han kunne opplyse, orientere, motivere og argumentere om viktige høgskulepolitiske spørsmål, overfor og på vegner av dei tilsette.

Dei ser at den kombinerte rolla som valt rektor og samstundes styreleiar kan by på utfordringar, men det er ei heilt vanleg rolle i universitets- og høgskulesektoren.

–Vi ser ikkje at det i denne saka skulle vere grunnlag for kritikk.

Kunnskapsdepartementet har bestemt at lærarutdanninga i Volda skal samarbeide

sørover med dei andre lærarutdanningane på Vestlandet. Det er investert i fjernundervisningsteknologi ved dei aktuelle høgskulane, og undervisningstilbod til dømes i Volda vert formidla til studentgrupper ved dei andre høgskulane.

– Når departementet spør om kva som samla sett kan gi Høgskulen i Volda eit sterkare fagleg grunnlag og trygge kvaliteten i våre utdanningstilbod, så har rektor uttalt seg i tråd med det fagmiljøa og styret for høgskulen tidlegare har gått inn for, meiner Halse, Liestøl, Myklebust og Folkestad.