Oslo Ap vil fjerne både sidemålskarakter og sidemålseksamen i programutkastet før kommunevalet i 2015. Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum reagerer på forslaget.

- Det er skammeleg at programkomiteen i Oslo Ap bruker innvandrarane som argument mot at dei som veks opp i Oslo, skal få lære nynorsk. Slik Oslo veks i folketal no, er det viktigare enn nokon gong at byen er språkleg integrert i landet Noreg, seier direktør Ottar Grepstad i ein kommentar til framlegget frå programkomiteen i Oslo Ap om ein karakter i norsk og ingen eksamen i sidemål.

– Å bu i Noreg er å leve i eit samfunn der to norske språk er jamstilte. No bruker tydeleg mange i Oslo Ap norskkarakteren som eit påskot for å svekkje posisjonen for nynorsk. Den heilskaplege språkpolitikken nettopp Ap forma då dei sat i regjering, stiller altså ikkje programkomiteen i Oslo Ap seg bak. Dei er for språkleg mangfald, men mot nynorsk i praksis, seier Grepstad.