Nyleg vart det observert fleire typar møblar som var kasta utfor vegen ved Brattheim på Hjørundfjordstranda.

Nokre av møblene vart berre "parkert" på sjølve fylkesvegen, medan puter og anna var slengt ned mot fjøra.

Dette er andre gongen på kort tid det vert observert at folk kastar frå seg gjenstandar ute i naturen, og ikkje på godkjende avfallsplassar. Førre gong var på Rjåneset, der bos har samla seg opp.