– Det er tolv år sidan vi forlet vår heim i New York. Sidan den gong har vi vore innom Mellom-Amerika, Karibia, Bahamas og Middelhavet. I løpet av dei tre siste åra har vi vore i England, Irland og Skotland, og det siste året har vi brukt i dei Baltiske landa og opp til St. Petersburg, seier Dick.

Denne sommaren har den yngste sonen til ekteparet, Jake, vore med foreldra på ferie i Noreg.

– Vi har vore i Noreg i to og ein halv månad. Vi kom i midten av juni til Kristiansund frå Skotland, og vi har vore opp til Lofoten. Onsdag kom vi til Ørsta. Vi planlegg å vere her i to netter, men kjem litt an på forma etter vi har vore på fjellet.

Onsdag var Dick og Jake på ein lengre fjelltur i området, og torsdag planla familien å ta turen til Vallahornet for å få ei god utsikt over Ørsta.

– Vi har hatt ei kjempefin tid i Noreg, og det er eit vakkert land med veldig kjekke menneske, seier Dick.

– Nordmenn er dei vennlegaste folka vi har treft så lenge vi har vore på tur. Dei er veldig flinke til å hjelpe og det sett vi stor pris på, seier Ginger.

– Då vi kom til hamna i Ørsta tysdag var det tre personar som tok imot oss og hjelpte oss. Slik er det ikkje andre stader, legg Dick til.

Etter to og ein halv månad i Noreg er snart opphaldet over.

– Vi må søke om visum, og då kan vi vere her i tre månader. Så neste veke seglar vi tilbake til Skotland, og planen er å kome tilbake til Noreg neste sommar og få med oss det vi ikkje rakk denne gongen, seier Dick.

– Vi likar å reise sakte, medan mange andre har hastverk. Når vi reiser sakte får vi også oppleve stader som Ørsta, seier Ginger.

Lenge før heimen i New York vart selt hadde ekteparet interesse for båtlivet, og fridagar, ferie og helgar vart brukt saman med dei tre borna om bord i båten.

– Vi har segla sidan borna var små, og vi elskar det. Det er ikkje eit liv for alle parforhold, og vêret kan vere eit problem. Men vi får utforske kvart land vi kjem til på ein annan måte og i vårt tempo, seier Ginger.

– Men eg må få legge til at det ikkje har vorte mykje bading i Noreg som det vart i Middelhavet, seier Dick.