Reinseanlegget på Vikeøyrane sviktar, og Ørsta kommune må investere i eit nytt. Kostnaden er kalkulert til 41 millionar kroner.

Det er teknisk sektor som ropar varsku overfor politikarane, og tysdag tilrådde formannskapet investeringa.

Kostnaden med nytt reinseanlegg skal dekkjast gjennom bruk av bundne fond og lån som skal betalast med kloakkavgifta.

– Reint teknisk sviktar dagens anlegg. Det er ikkje tilrådeleg å vente med bygging av nytt reinseanlegg. Det må vere heilt klart at kommunen gjer grove brot på både forureiningslova og arbeidsmiljølova. Det tolmodet kommunen har frå fylkesmannen og dei tilsette, kan ein ikkje rekne med vil halde fram ved ei utsetjing. Omdømme vil også bli skadelidande dersom kommunen vel å utsette prosjektet, åtvarar rådmann Wenche Solheim om i saksutgreiinga til saka.

Fryktar pålegg

Overfor formannskapet tysdag utdjupa Ulf Rognstad frå teknisk sektor dette.

– Viss vi ikkje sjølve tek initiativ, og startar arbeidet med eit nytt anlegg med det fyrste, vil vi få pålegg om det frå fylkesmannen, sa Rognstad.

Administrasjonen i kommunen er ganske klare på at bruken av Ørstafjorden kan verte påverka i negativ retning med tilslamming og synleg avløpssøppel ved utsleppspunktet. Og dessutan kan utslepp utgjere ein fare for badeaktiviteten i Vekslet.

– Det er ukjent om drifta i dag påverkar kvaliteten på badevatnet negativt, anna enn lokalt rundt utsleppspunktet, men vi kan ikkje sjå heilt vekk ifrå det, kommenterer rådmannen.

Kostnaden er altså rekna ut til å verte 41 millionar kroner. Rådmannen har lagt dette inn i sitt forslag til økonomiplan.