H.M. Kongen har utnemnd professor Torbjørn Digernes til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for forsking og utdanning.

Dekorasjonen vart overrekt ved eit arrangement på Lerchendal gård i Trondheim tysdag denne veka.

Torbjørn Digernes (65) er opphavleg frå Hovdebygda, og er fysikar. Han var rektor for NTNU i Trondheim frå 2005 til 2013.

Han vart vart uteksaminert som sivilingeniør frå lina for teknisk fysikk ved dåverande NTH i 1972. Han tok doktorgrada i 1982 ved Institutt for databehandling ved NTH.

Romstasjonsprogram

Han arbeidde ved Undervisningsgruppen ved Regnesenteret ved Universitetet i Trondheim 1972-1974, ved Fiskeriteknologisk Forskningsinstitutt frå 1974 til 1986, og ved MARINTEK frå 1986 til 1990. I perioden 1990–1996 var han tilsett i European Space Agencys romstasjonsprogram ved European Space Technical Centre i Nederland.

I 1984 vart han professor II og i 1998 professor i hovudstilling, i marin prosjektering. Han var dekan ved Fakultet for marin teknikk i 1999 til 2001, og då dette vart slått saman med tre andre fakultet til Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi frå 2002, vart han også valt til dekan for dette fakultetet.