Dei to selskapa var tiltalt for å ha grave ei grøft i det automatisk freda kulturminnet «Askeladden» i Herøy kommune. Aktor la ned påstand om at begge selskapa skulle dømmast i samsvar med tiltalevedtak, og betale ei bot på 30.000 kroner i tillegg til å betale solidarisk erstatning til Universitetet i Bergen med 479.000 kroner.

Det skulle gravast ei grøft for å tilknytte vatn til eit hus. Dagleg leiar Henning Heltne i Tømrerservice var kjent med at det var freda kulturminne i området. Han tok kontakt med Kulturavdelinga i Fylkeskommunen, og tok og kontakt med Herøy kommune og la fram problemstillinga at gravinga ville skje nært det freda området. Det vart give graveløyve for området som ikkje var privat grunn.

Retten kom fram til at det ikkje er sannsynleggjort at gravinga skjedde inne på det freda området, og dei meiner at grøfta ikkje medførte fare for skade inne på det freda området. Retten fann det heller ikkje bevist at tiltalte har opptredd i strid med kulturminnelova. Selskapa vart frifunne, og vart tilkjent sakskostnader.