Dei gamle lokala til Gjersdal trevarefabrikk i Volda har vorte gjort om til ny brannstasjon i Volda. Bygningen vart kjøpt for 15 millionar kroner, og ombygginga har kosta 11,5 millionar kroner. Onsdag var mannskapet, brannleiarar i dei nærliggjande kommunane, lensmann, entreprenørar, ordførar og kommunalt tilsett inviterte til offisiell opning.

– Brannvernet i Volda vart etablert samtidig som vassverket i 1891. Det var ein storbrann i 1890 der mange hus brann ned, og brannvernet var ikkje organisert. Det vart bestemt at ein person frå kvart hus skulle vere med i brannvernet. Det var 64 hus, og då vart det 64 brannkonstablar, sa konstituert brannsjef Roy Inge Heltne.

Stort behov

Brannsjefen understreka at det har vore behov for ein ny brannstasjon i mange år.

– Brannen i rådhuset utløyste at prosessen kom i gang. I 1991 var det allereie trongt i den gamle brannstasjonen, og då vi fekk tankbil nokre år seinare vart det skikkeleg trongt. No har vi ein brannstasjon som tilfredsstiller dagens krav, og som passar for ei muleg utvikling og framtidas utfordringar. Det står framleis att litt arbeid, men stasjonen er no operativ.

Heltne takka Stein Husevåg som har vore prosjektleiar, tidlegare brannsjef Svein Arnesen, politikarar og ordførar Arild Iversen for å funne ei løysing og rom for ny brannstasjon. Sweco ved Anders Digernes og generalentreprenør Ivar Aambakk og underentreprenørar.

Gratulasjonar

Brannsjef i Ørsta, Einar Ytre-Hauge, gratulerte Volda brann og redning med ny stasjon.

– Det er alltid kjekt å kome til Volda, men det var ikkje like kjekt for fire år sidan. Eg er misunneleg, men eg har von om at vi om to år kan invitere til feiring av oppgradert brannstasjon i Ørsta.

Godt mannskap

Lensmann i Volda og Ørsta, Guttorm Hagen, gav brannvernet i Volda ros.

– De har vorte utfordra mange gonger, og vil nok verte det igjen. Volda brann og redning har godt materiell og godt mannskap som har bygd seg opp kompetanse gjennom mange år, sa Hagen.

Ordførar Arild Iversen stod for den offisielle opninga

– Eg er overbevisst om at brannstasjonen vil vere til veldig stor glede i mange år framover. Eg er glad for at denne løysinga var vald, og den er sentralt plassert. Det vil kome enno tydelegare fram når ein framtidig Voldatunnel kjem på plass.