Det vert eit redusert tenestetilbod på alle trafikkstasjonane i landet fredag denne veka. Bakgrunnen er at Statens vegvesen fornyar sitt saksbehandlingssystem for førarkort.

– Det er i hovudsak førarkorttenester som vert berørt fredag. Dei fleste køyretøytenester tilbyr vi som normalt, seier Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

Omlegginga kan også føre til noko lengre ventetid dei første dagane i september.

- Vi oppgraderar datasystema for å kunne gjennomføre vegvesenet sine oppgåver på ein best muleg måte. Det gir oss også bedre mulegheiter til å ivareta brukeren sine behov ved å tilby sjølvbeteningsløysningar, seier Dreyer.