Regelverket for å nytte mobilkran på vegane er komplisert. For tungtransport og transport av tømmer gjeld den generelle dispensasjonen frå Statens vegvesen, men skal du køyre mobilkran må du han ein spesiell dispensasjon.

– Mobilkraner har si eiga vegbok som du først får tilsendt etter at du søker om dispensasjon til å køyre mobilkran. Denne vegboka inneheld kva som er lov og ikkje lov når det gjeld vekter og lengder, og kor du kan køyre. Sist det vart gjort noko med denne vegboka var i 2006, og vegvesenet seier at må vi må halde oss til regelverket. Vi kan køyre på E39 i Volda og til Hovdebygda, men frå Ørsta til og med vegkryss E136 i Spjelkavik kan ikkje mobilkraner av litt storleik køyre. For både bransjen og Ørsta kommune er denne situasjonen uhaldbar, seier Våge.

Les også: - Vil ta opp saka med Sanner

I førre veke starta selskapet til Våge med utbetringsarbeid i småbåthamna i Ørsta. Sidan dei ikkje får nytte si eiga mobilkran måtte dei leige inn ei lastebilkran for å utføre arbeidet.

– Vi har ei av dei største mobilkranene på Sunnmøre. Medan lastebilkrana løftar tre tonn, løftar mobilkrana femten tonn. Då kunne den jobben vore gjort på ein dag, men i staden så tek det lenger tid.

For å sleppe unna den spesielle dispensasjonen må Sunnmøre kranservice fjerne bommen frå krana for å kunne nytte den i Ørsta.

– Bommen veg 15 tonn. Vi kan få den av, men det er svært tungvint å få den på att. I teorien er det mogleg å køyre mobilkran i Ørsta, men i praksis er det umogleg.

Ifølgje Våge slår Statens vegvesen hardt ned på dei som bryt regelverket, og seier at det har vorte skrive ut bøter på 50.000 til 100.000 kroner.

– Om det er Osebrua som er problemet, så må det byggjast ei ny bru. Eg ynskjer at dette skal løftast opp på eit politisk nivå i Ørsta, og at dei igjen kan ta det vidare derifrå. Bransjeorganisasjonar har også lagt press på vegvesenet for å gjere systemet enklare, men ingenting har skjedd enno. Vegvesenet reknar ut maksvekt og gir dispensasjon til tømmertransport, men dei gir ikkje dette for mobilkraner.