Styremedlem Terje Heggem gav styreleiar og høgskulerektor Per Halse klar beskjed då styret i Høgskulen var samla til møte fredag.

Reagerer

Heggem og fleire av dei andre reagerer på at Halse har uttalt seg i media om kva tankar han har om framtidig strategi for Høgskulen i Volda, før saka har vore handsama i styret. Kunnskapsdepartementet ønskjer nærare samarbeid mellom høgskular/universitet og har bede dei ulike utdanningsinstitusjonane om å seie noko om kor dei ser seg sjølve i framtida, og kven dei ser på som aktuelle samarbeidspartnarar.

Halse har uttalt at han ser det som mest aktuelt å samarbeide sørover mot Sogn og Fjordane og Hordaland.

Også styremedlem Ann-Marit Sæbønes reagerer på at Halse har uttalt seg.

– Eg har sett med undring på uttalane Halse har kome med siste tida. Eg tenkte at her har vi ein rektor som har bestemt seg for løysing, utan å inkludere styret.

Overraska

Per Halse sjølv seier at han er overraska over korleis styremedlemene har lest uttalane hans.

– Eg vil ikkje ha teksttolking. Les de heilskapen vil de sjå at eg alltid har sagt at dette er pågåande prosessar.

Halse seier at han heller aldri sjølv har gått aktivt ut til pressa, men at han som rektor har låg terskel for å svare når han vert spurt om ei sak som er så viktig for høgskulen.

– Eg meiner at eg har uttalt meg veldig ope. Dette er ein pågåande prosess, og ingen veit enno kva konklusjonen til Kunnskapsdepartementet vil verte. Og det har aldri vore mi meining å binde styret ved mine uttalar.