– Eg skulle ønske at skredsaka i Årsetdalen på Vartdal hadde vore løyst mykje raskare.

Ordførar Rune Hovde seier han har stor forståing for dei som ventar på å få sikre den rasutsette busetnaden i Årsetdalen. Ei slik sikring vert etterlyst av Hans Olav Myklebust (Frp). Myklebust seier at folk lever utrygt og at fleire i førre veke måtte evakuere på eige initiativ då det kom store nedbørsmengder også i Årsetdalen.

Råka

– Det er sjølvsagt naturleg at dei som er råka av skred vil ha utbetring. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Og eg håper på utbetring snarast råd. Men så er det også slik at denne saka ikkje ligg i kommunen sine hender. Det går no føre seg ein diskusjon om erstatning, der både dei som skal betale erstatning og dei som skal ta imot dette er misnøgde. Difor ligg det an til eit oppgjer i retten, og slikt tek tid, forklarar ordførar Hovde.

Han legg til at kommunen har fått opplysningar frå geologar om at det ikkje er er skredfare i Årsetdalen no.

– Liv og tryggleik er det viktigaste, og vi må berre krysse fingrane for at det snarast kjem ei løysing i Årsetdalen som også vert omfatta av den store skredanalysen.