- Det var ei skremmande oppleving å sjå brannen utvikle seg så raskt, fortel Jostein etter skrekkopplevinga måndag føremiddag, då bussen «Ingvild» tok fyr, og vart totalskadd i brann nær Bjørdalsskiftet mellom Ørsta og Sæbø.

Bussen «Ingvild» har vore i drift på Sæbø-ruta i over tjue år. Bussen er oppkalla etter NRK-programleiar Ingvild Bryn.

– Bussen har køyrt Ørsta–Sæbø, og vi har rekna på talet turar og gonga med talet kilometer. Vi har kome til at bussen har køyrt over ein million kilometer, fortel Kvistad.

Ynskjer god buss

No er det altså slutt for Ingvild, og Kvistad håper selskapet kjem med ein god buss for Sæbø-ruta.

– Eg har jo også ein del turistkøyring, og då er det kjekt med ein fin buss å presentere for turistane, seier Kvistad.

Sjølv om det var ei skremmande oppleving for Kvistad det som hende med bussen måndag morgon, var han ikkje lenge ute av teneste. På ettermiddagen sette han seg altså bak rattet på ein ny buss, og gjennomførte rute- og skulekøyring i ruta Ørsta–Sæbø–Ørsta.