Det brann i bussen "Ingvild" måndag føremiddag. Bussen går mellom Sæbø og Ørsta, og brannen starta i motorrommet då bussen passerte Bondalseidet.

Bussen gjekk frå Sæbø kl. 09.00 og det var ein passasjer i tillegg til sjåføren om bord då det tok til å brenne rundt kl. 09.15. Ingen av desse er skadde.

- Eg merka først at batterilampa på dashbordet starta å lyse, og bussen fuska litt opp i bakken. Då eg kom ned frå Bondalseidet stoppa eg opp, og då eg opna opp bak var det full fyr. Det gjekk så fort at eg ikkje fekk ein sjanse til å nytte brannslukkingsapparatet, seier bussjåfør Jostein Kvistad.

Stig Harald Myklebust kom køyrande bak bussen. Han vart vitne til brannen og fekk varsla naudetatane.

- Eg såg røyken då bussen passerte den krappe svingen ned frå Bondalseidet, og då det vart opna opp bak var det full fyr.

Kvistad er glad for at brannen ikkje skjedde tidlegare.

- Eg er glad for at det ikkje skjedde 30 minutt før for då bussen fyllt med 45 elevar.

Bussen står no nær Bjørdalsskiftet, og brannen er sløkt.