- Ørsta kommune og overordna ansvarleg mynde må få fortgang i arbeidet med å rassikre dei rasutsette stadene i Årsetdalen på Vartdal.

Det seier formannskapsmedlem Hans-Olav Myklebust (Frp).

Han rettar no eit spørsmål til ordførar Rune Hovde om kva som skjer for å sikre busetnaden i Årsetdalen. Myklebust er ikkje så sikker på at det har skjedd så mykje sidan raset på Årset i november i fjor. Og etter at flaumvatn tok med seg nye lausmassar tysdag og onsdag sist veke, meiner Myklebust det er på sin plass å spørje kva som skjer.

- Folk lever utrygt, og må evakuere på eige initiativ når regnveret kjem i store mengder. Folk er engstelege, seier Myklebust.

Han viser til at det tidlegare er opplyst at det skal kome geologar til Årsetdalen for å vurdere rasfaren.

- Dette skulle skje i sommar, men så vidt eg veit, har ingen vore her. Ingen har i ale fall sett noko, og viss dei har vore her, burde det ha vore opplyst om det. For no lever folk berre i uvisse, seier Myklebust.

Frykt

Han poengterer at skredområdet ved Årset er det mest viktige å få undersøkt og granska.

- Likevel, folk fryktar at fleire stader i dalen er rasutsett. Landskapet har endra seg dei siste tiåra. Det har kome opp granskog som ikkje tek opp i seg like mykje vatn som lauvskogen. Granene har korte røter, og gjev ikkje same feste for jorda. Granskogen utgjer mange tonn viss det skulle rase, seier Myklebust.

Han meiner det er viktig at kommunen  og NVE ser dette i samanheng med auka nedbørsmengder.

- Det gjeld her på Vartdal, og det gjeld andre stader.

Myklebust peikar også på at Storelva på Vartdal har grave ut førebygging, og fleire stader står rett mor dyrkajorda.

- Dette vil vi også ha undersøkt, for det utgjer ein flaumfare viss vi igjen får store nedbørsmengder. Det kan skje seinare i haust, eller det kan skje i løpet av dei komande åra, seier Myklebust.

Hast

Han meiner det hastar for kommunen å ta tak i denne saka, og presse på overfor NVE som overordna statleg styresmakt.

- Ørsta kommune har gjort eit godt arbeid andsynes snøskred. No har vi ein situasjon der vi har vorte utsette for flaumskred. Dette må difor verte ei høgt prioritert sak for Ørsta komme, og kommunen må presse på overfor NVE for å sikre liv og eigedom, seier Myklebust.

Han reknar med at kommunen brukar den kunnskapen og erfaringsbasen som ein har om snøskred, og overfører denne til flaumskred så langt det er mogleg.

- Men eg understrekar at dette ikkje er eit arbeid for kommunen åleine. Statlege mynde må pressast på for å verte med, seier Myklebust.

Han kan ikkje få understreka nok kor viktig informasjonsbehovet for innbyggjarane er.

- Og det er kanskje det viktigaste med spørsmålet mitt til ordføraren. Eg vil vite kvar saka står. Vi kan ikkje ha ei stode der innbyggjarane ikkje veit, seier Myklebust.