Laurdag opna Møre folkehøgskule skuleåret. Den nye rektoren, May Kristin Bolli ynskte elevar og tilsette til lukke med eit nytt skuleår

- Viss draumar er viktig, finn styrke til å leve dei ut, og ver med på å skape historie, sa rektoren til elevane.

Møre folkehøgskule har om lag hundre elevar, og laurdag strøymde dei til frå heile landet. Mange hadde med foreldra sine.

Danning

Bolli var oppteken av danningsidealet til folkehøgskulane. – Vi skal inspirere individet til å leve sjølvstendig, men i demokrati og i eit forpliktande fellesskap, sa Bolli.

Ho underslo ikkje at det komande skuleåret kan verte utfordrande, for elevane skal leve tett på kvarandre.

- Det er krevjande å forhalde seg til andre heile tida, men så kan ein oppnå tette relasjonar, og oppleve at fellesskap er ekstremt viktig. Det er viktig å understreke at i denne fellesskapen er vi forksjellige individ, og at det handlar om menneskeverd og likeverd, sa Bolli.

Skap magi

- Ta initiativ, by på dykk sjølve. Og gje dykk sjølve ein sjanse til å meistre nye ting. Då er de med på å skape magi, sa den nye rektoren, den fyrste kvinnelege i Møre folkehøgskule si soge.