Folk flest er positive til omlegginga av eldreomsorga i Ørsta.

Det fortalde rådmann Wenche Solheim i møtet i levekårsutvalet denne veka. Der orienterte tilsette i sentrale posisjonar i helse- og omsorgstenesta politikarane om stoda etter nyorganiseringa. Konklusjonen er at ting fungerer bra for den nye modellen som er rimelegare enn den gamle, og som skal ha høg kvalitet.

Reduksjon

Etter initiativ frå Ørsta Høgre er det vedteke i kommunen at talet på sjukeheimsplassar skal reduserast, og at det skal satsast på omsorgsbustader og bufellesskap, og at det er lagt inn store ressursar med tilrettelegging for at folk skal bu så lenge i heimane som råd. Den såkalla omsorgstrappa er sentral i omlegginga. Trappa føreset at ein konstaterer at personar med behov for omsorgstenester ikkje er like, og må vurderast individuelt, og at tenestetilbodet må tilpassast den enkelte. Nokre treng lite hjelp, andre treng mykje.

Omlegging

Vartdal Helsetun er inne i ein prosess med gradvis omlegging til omsorgsbustader og bufellesskap, underlagt heimebasert omsorg.

Sjølv om erfaringane så langt er positive, vedgår rådmannen at det er utfordrande å få folk til å forstå at det ikkje lenger er sjukeheimsplassen som er neste stopp.

– Framleis er det slik at mange vil ha «sine» på sjukeheim då dei meiner at det er det einaste rette, seier rådmann Solheim.

Ho gjer det klart at dei tilsette har ei pedagogisk utfordring med å få brukarar og pårørande til å forstå korleis det nye systemet fungerer.

Vurderingar

– Det ligg gode, faglege vurderingar bak alle vedtak som vert gjort i sektoren. Likevel er det er ikkje enkelt å få alle til å forstå kvifor ein gjer det ein gjer. Men folk flest tek godt imot informasjonen om at det er i bukollektiv ein skal vere, og ikkje på sjukeheim, slik som før, sa rådmannen.

Leiar på tildelingskontoret, Wenche Flo, fortalde i levekårsutvalet at få klagar på vedtaka som vert gjort.

Dei som smilte breiast på møtet, var Sven Castberg og Per Are Sørheim, arkitektane bak kommunen si nye reform.