Kommunestyra i Ørsta og Volda har bedt om at ei samanslåing av brannvernadministrasjonane i Ørsta og Volda vurdert.

Styringsgruppa for prosjektet har vore ordførarane i Volda og Ørsta, rådmennene og dei hovudtillitsvalde for dei to største fagorganisasjonane i kommunane, og ei eiga arbeidsgruppa har utarbeidd ein rapport.

No ligg rapporten klar, og han fortel at det faktisk vert dyrare for Ørsta kommune å ha felles brannadministrasjon med Volda enn å ha ein eigen.

I Volda

Ein føresetnad for samanslåinga er nemleg at den felles brannadministrasjonen skal vere i Volda. Dette fordi felles Nav-kontor og felles landbrukskontor er lagt til Ørsta.

Rådmannen har merka seg at ein felles administrasjon vil medføre at to brannbefal frå Ørsta går inn i den felles brannvernadministrasjonen. Desse har per i dag også beredskap i utrykkingskorpset. Ergo må desse erstattast i beredskapen i Ørsta på dagtid.

– Vi misser og mulegheitene for at fleire tilsette i brannadministrasjonen kan bli ein del av beredskap/ vaktstyrken på dagtid. Når tettstaden Ørsta passerer 8000 innbyggjarar (no ca. 7200) er det krav i dimensjoneringsforskrifta om kassernert vakt på dagtid med fire personar, kommenterer rådmannen.

Viss Ørsta held på eigen administrasjon, vil desse personane kunne utgjere ein del av denne beredskapen.

Kommunesamanslåing

Rådmannen peikar dessutan på at sidan rapporten om felles brannadministrasjon vart ferdig, har regjeringa varsla endring i kommunestrukturen.

– Då både Ørsta og Volda har to godt fungerande brannvern er det naturleg å vente på vedtak om ny kommunestruktur for å unngå mykje ekstra arbeid og uro i organisasjonen, seier rådmannen.

Føremonene med ei samanslåing er ifølgje rapporten ei brannvernleiing med tyngde og stabilitet til å møte framtida sine utfordringar, og vidare ein betre systematikk og meir einsarta rutinar. Fagmiljøet vert også vurdert som attraktivt.