I år har skipsbyggingsområdet i Ulstein Group jenterekord på lærlingar. Alle dei tre nye lærlingane på Ulstein Elektro Installasjon er jenter, og av dei tolv nye lærlingane totalt er heile tredjeparten jenter.

- Lærlingtrenden i den maritime næringa på Sunnmøre er i ferd med å snu: Stadig fleire jenter ser ei moglegheit som fagarbeidar i industrien, og lærlingane kjem gjerne langvegs frå, fortel lærlingansvarleg i UEI, Hanne Notøy.

Avhengig av fagområde har dei tolv ferske lærlingane no framføre seg ei læretid på mellom to og to og eit halvt år på Ulstein, før dei skal opp til fagprøve. Men før dette skal mykje kunnskap lærast, kurs takast, oppgåver utførast, og nokre feil må kanskje gjerast. Medan dei ni lærlingane på Ulstein Verft er i gong med kursing innan sveis og varmearbeid, er dei tre lærlingane på Ulstein Elektro Installasjon allereie om bord på skip under bygging for å lære seg elektrikarfaget.

100 prosent jenter på elektro

At alle dei tre elektrolærlingane er jenter, er ein totalt ny situasjon. Etter at Hanne Notøy tok fagprøva tidleg på 1990-talet er det berre er éi jente som har tatt fagprøva i elektro etter læretid på Ulstein.

- Dei seinare åra har vi sett at ungdom i endå større grad enn tidlegare vel utdanning etter litt tradisjonelle kjønnsrollemønster, og Møre og Romsdal er eitt av dei fylka der ein har sett denne tendensen mest tydeleg. Vi har eit næringsliv her i fylket som ligg på landstoppen i verdiskaping og med mange spennande arbeidsplassar, noko det er viktig for oss i den maritime næringa å formidle, seier Hanne.

Livet smiler for Stine frå Lom

Dei tre elektrolærlingane kjem frå Ørsta, Nordfjordeid og Lom. 18 år gamle Stine Lund frå Lom såg slett ikkje mørkt på å flytte heilt til Ulsteinvik, og markerte dette med følgjande oppdatering på Facebooksida si denne veka: ‘Ændele kåmme på plass i Ulsteinvik, ser virkele fram te bu her og starte som lærling! :) Livet smiler.’