– Vi kjenner ikkje til denne spesifikke saka, men frå tid til anna mange stader rundt omkring på Sunnmøre er det folk som tek snarvegar og legg frå seg eller dumpar avfall på stader det ikkje er lov, seier Karl Inge Vestre Hauge som er byggeleiar på driftskontrakt for Statens vegvesen.

Staden på Rjåneset har tidlegare vorte nytta ulovleg som avfallsplass, og no er det igjen dumpa ein del avfall.

– Om avfall ligg på vår sin grunn så vil vi ta tak i det. I tilfelle der det er avfall i stort omfang som er dumpa har dette vorte meldt frå vegvesenet si side for å førebyggje, seier Vestre Hauge.

VØR har ikkje tilsynsansvar for forureining, men dagleg leiar Petter Bjørdal har inntrykk av at det har vore mindre ulovleg dumping av avfall.

– Derimot så er det framleis mykje ulovleg brenning av avfall, og går føre seg nok i ein omfattande stil. Det er dumt fordi veldig mykje av det som folk brenner er samansette produkt som frigjer kreftframkallande gassar i lufta som ein skal puste inn.