Saman med dei andre medlemmene i samfunnsutvalet, sa utvalet, etter ei synfaring på Viddal tysdag, ja til at Lars Ole Viddal får dispensasjon for frådeling av areal til to hyttetomter på Viddal. Det er meininga av den næraste slekta skal byggje på tomtene.

Det vart søkt om frådeling av tre tomter, men då det ligg føre endeleg avslag på løyve til frådeling etter jordlova, og eintydig fråsegn frå regionalt landbruksmynde som frårår dispensasjon då tomta er vurdert å kome i vesentleg konflikt med landbruksinteressene, ligg det ikkje føre heimel til å kunne gje dispensasjon for ei av tomtene, meiner samfunnsutvalet.

For to andre hyttetomter vert det derimot gjeve grønt lys for frådeling.

Gardstun

For den eine tomta, som ligg i gardstunet (gnr 130, bnr 4 og 5), vert det gjeve dispensasjon frå omsynet til nyare tids kulturminne om utforming av hytta slik det gamle stovehuset var. Dette samsvarar med det fylkeskommunen si kulturavdeling tilrår.

Den tredje av dei tiltenkte tomtene ligg ved sjøen. Utvalet meiner det kan eigne seg for utbygging der med føresetnad av at det vert gjennomført god planlegging.

– Dette er også naudsynt for å sikre at ikkje framtidig potensial for utnytting av området vert vesentleg forringa, seier utvalet. Det viser til at landbruksnemnda har sagt ja til frådeling her. Det er eit vilkår at løyvet ikkje skal hindre vidare ferdsel.

Fylkesmannen

Administrasjonen i kommunen rådde til å gje avslag på dispensasjon for alle dei tre tomtene. For tomta i gardstunet viste administrasjonen til at fylkesmannen så tydeleg har uttalt seg negativt til søknaden,

For tomta ved sjøen vart det rett nok opna for dispensasjon med krav om at det før frådeling og utbygging i området måtte utarbeidast ein detaljreguleringsplan.

For den tredje frådelingssøknaden i denne saka viste administrasjonen til at jordlova hindra frådeling, slik også politikarane kom fram til.

– Samfunnsutvalet er positiv til at det skjer utvikling på bygdene, seier Ove Røv i utvalet.