– Nei, eg frykta eigentleg ikkje at vatnet skulle kome i tunet, men det var ikkje triveleg, fortel Synneve Aarskog.

Ho bur på Årskog på Nordre Vartdal, og opplevde onsdag storflaumen.

Store delar av gardsvegen frå Årskog og framover dalen på sørsida av Storelva er øydelagt etter flaumen.

Det var Isflå-elva som skifta bekkefar, og kom over i ei veite, og dermed vart vassmengdene altfor store for slukesystemet som allereie var der.

Vatnet fann seg nytt far på sjølve vegen, og grov vegen ut og vekk i ei lengd på om lag tre hundre meter. Heldigvis for busetnaden på Årskog tok vatnet retning Storelva ned ved brua på Årskog. Dermed gjekk busetnaden klar.

Storflaumen i 1980

– Eg har ikkje opplevd ein slik flaum her sidan 1980. Då var flaumen den 22. august, altså omtrent samstundes på året, og også etter ein veldig fin sommar, fortel Aarskog.

Gardsvegen som vart øydelagt onsdag vart faktisk bygt etter flaumen i 1980.

Dei store nedbørsmengdene på Nordre Vartdal påverka også drikkevatnet til det private vassverket. Det er gjeve kokepåbod for Vartdal helsetun, som er ein av abonnentane til vassverket.