– Dei nye opningstidene inneber at banken har ope på Vartdal seks timar i veka, tre timar frå 10–13 både tysdag og torsdag. Dette gjer det tungvint for kundane å nå filialen, og dei mest trufaste kundane vert skadelidne av reduksjonen, hevdar Johan Bertel Vartdal.

Han meiner sparebanken framleis burde hatt ein langdag med opning til klokka 18.

– Det å framleis kunne gå i banken og setje inn pengar er ein viktig verdi. Ikkje minst når ein skal lære borna å spare, meiner Vartdal.

Ikkje poeng

Han meiner det ikkje er noko poeng å ha eit nært og lokalt forhold til banken når banken fjernar seg frå kundane ved å vere mindre tilgjengeleg, slik Vartdal opplever.

Vartdalingen karakteriserer den reduserte opningstida som dårleg sørvis.

– Eg ringde banken og spurte etter ei forklaring på den reduserte opningstida. Då fekk eg til svar at eg kunne ta meg fri frå arbeid for å gå i banken slik andre gjer, også når dei skal til frisør. Eg må berre riste på hovudet av eit slikt flåsete svar, seier Vartdal.

Han er overtydd om at den reduserte opningstida handlar om ein prosess der sparebanken ønskjer å avvikle bygdefilialane.

Dette tilbakeviser Bernt Østgaard, leiar for personmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– For oss er det viktig å vere tilgjengeleg på begge plassane, både med vanlege banktenester, rådgjeving og minibanktenester. Bankkvardagen har endra seg mykje dei siste åra. Fleire og fleire brukar banken ved hjelp av sjølvbetente løysingar. Likevel er bankkontoret viktig for dei kundane som treng rådgjeving, til dømes i samband med kjøp av husvære, sparing til pensjon, gjennomgang av forsikringar m.m. Kundane er også velkomne til bankkontora våre i Ørsta og Volda. I tillegg har vi kundesenter som kan hjelpe dei via telefon og e-post, seier Østgaard.