– Målsetjinga vår er å vere mykje ute, seier lensmann Guttorm Hagen.

Dei har patruljar ute som sørgjer for å halde oversyn over trafikksituasjonen ved barneskulane.

Mykje trafikk

Det er særleg ved sentrumsskulane Vikemarka og Velle at trafikken hopar seg opp i morgontimane når skulane byrjar. Hagen seier at dei fleste foreldre er flinke til å ta omsyn, men at det lett kan verte uoversiktlege situasjonar.

–Det er ikkje så lett å sjå dei minste borna bak bilen til dømes. Så ver aktsame, oppmodar han, og legg til at dei i det vesentlege er nøgde med det dei har sett hittil.

Og av og til meiner Hagen foreldre kan gjere lurt i å parkere eit lite stykke unna skulen og heller bruke beina det siste stykket.

– Det er litt av kulturen i Ørsta at vi alltid køyrer heilt til døra, men du kan faktisk spare litt tid på å bruke beina i staden for å ende opp i kø på parkeringsplassen.

Hagen oppmodar elles foreldra om å kle barna (og seg sjølve) i sterke fargar og refleks når dei er ute og går.