Natt til onsdag gjekk det på nytt eit  flaumskred på Årset i Årsetdalen. Skredet gjekk i det same løpet som skredet i november.

Skredet hadde på langt nær same omfang som i november, men vatn gjekk inn i eit bustadhus som vart fråflytta etter novemberflaumen.

- Likevel har det ført med seg mykje lausmassar. Det kom lausmassar ut på vegen som vart rydda i morgontimane, fortel maskinførar Ronny Åmås, som sikra området utover onsdagen.

Han fortel at eit av sikringstiltaka etter novemberflaumen har vore å grave djupe massebasseng.

- Vi har grave tre store basseng, men alle desse har i løpet av natta vorte fylt med lausmassar, slik at det til slutt måtte fløyme over, og vatn og jord gjekk til vegen, fortel Åmås.