Det har regna svært mykje det siste døgeret. Likevel er det ikkje meldt om dei store skadane på bygningar og vegar - enno.

På målsetsasjonen hos Anne Hustad på Sæbø vart det frå kl. 08 tysdag morgon til kl. 08 onsdag morgon målt ein nedbør på 109,6 mm. Det er svært mykje. Døgnet før kom det 39,5 mm nedbør.

Men det er venta at det verste nedbørsmengdene er i ferd med å gje seg, sjølv om meteorologisk institutt tek eit atterhald om at det kan kome lokale kraftige regnbyer.

Obs-varselet som metereorlogisk institutt har sendt ut for området, gjeld enno.