Med unnatak av konkurransar og kampar, ynskjer ikkje eigedomsseksjonen i Ørsta at det skal vere helgeope i gymsalar og Ørstahallen.

Eigedomsseksjonen finn grunn til å merke dette etter at hallstyret i Ørsta har vedteke ei momentliste der det vert sagt at hallar og gymnastikksalar skal stå til rådvelde laurdagar og søndagar.

– Det har aldri vore budsjettert med at idrettshallar/gymsalar skal stillast til disposisjon i helgar og skuleferiar, heller ikkje etter at eigedomsseksjonen tok over ansvaret. Unntak har vore organiserte kampar og/eller anna utleige der leigetakaren dekkjer kommune sine faktiske utgifter, heiter det frå eigedomsseksjonen i kommunen.

Eigedomsseksjonen peikar på at når hallstyret seier at hallen skal kunne brukast laurdagar når det ikkje er kampar eller andre arrangement – så legg det føringar for eigedomsseksjonen si drift.

– Seksjonen har verken personell eller budsjettmidlar til det momentlista legg opp til, heiter det frå eigedomsseksjonen.

Som før vil seksjonen unntaksvis opne for utleige i helgar og skuleferiar, der kostnadene med dette faktisk vert dekte.