Driftsstyret i Volda har vedteke at berre lag tilslutta Norges Idrettsforbund får tildelt treningstider i Voldahallen. Dette gjer at KRIK Volda, med ungdomar mellom 13–20 år er den einaste av tidlegare leigetakarar som vert utestengde frå Voldahallen.

– Det er i beste fall eit medvitslaust overgrep på eit ungdomstilbod som inkluderer breiddeidrett og som samlar rundt 40 ungdomar kvar fredag kveld, skriv foreldre til KRIK-ungdomen til Volda kommune. Dei bed Volda kommune om å gjere om på vedtaket.