I løpet av det siste døgeret har det kome mykje nedbør i Ørsta. I november i fjor då det gjekk jordras på Vartdal og på Vatne målte Bjørn Sørheim 110 mm med nedbør på 24 timar. Dette var nokre mm med nedbør meir enn målingane til Meteorologisk institutt.

– Frå måndag kveld til rundt klokka 12 tysdag føremiddag har eg målt 80 mm med nedbør på Vallabøen, og det skal kome meir nedbør utover dagen, seier Sørheim.

Ifølgje Sørheim er det ein spesiell vêrsituasjon som er no.

– Det er eit renn frå nord over uvanleg varmt hav, og atmosfæren tek opp meir fukt enn normalt. Sidan midnatt har det regna rundt 60 mm. Eg fryktar at det kjem opp i same nedbørsmengd som i november i fjor, og kanskje enno meir, seier Sørheim