- Frå 03.30 og utover morgonen regna det kolossalt, og regnet har teke setrevegen til hyttefeltet i Dalemarka, fortel Eldar Westre.

Han og kona Oddlaug sat trygt og godt i hytta si i Dalemarka fremst i Årsetdalen tysdag morgon. Men å kome seg ut med bil var uråd.

Flaumen har teke vegen mellom hyttene og parkeringsplassen. Dette skjedde i natt. Eg veit ikkje kor det er lenger nede i dalen, men fryktar at flaumvatn kan ha gjort skadar der også, seier Westre.

Det heldt fram med å regne kraftig i Årsetdalen utover tysdag føremiddag. Westre fortel at det renn store elvar overalt i fjellsidene.

- Det går heilt sikkert an å gå heimover igjen, og hadde eg hatt ein firehjulstrekkar kunne eg kanskje ha våga meg over og forbi. Men inntil vidare avventar vi og vert på hytta, fortel Westre.

***

Like før kl. 16.00 bestemte Oddlaug og Eldar Westre seg for å gå frå hytta. Då var det ordna med bilskyss frå ein stad lenger nede i dalen.

- Det skal gå greitt å gå, men no er her uråd å kome seg forbi også for kraftige køyrety, seier Eldar Westre.

Dette vert stadfesta av Per Inge Myklebust. Han bur på Myklebust i Årsetdalen, og reiste til Dalemarka med traktor.

- Det er svært store skadar på vegen, og det vert ein stor jobb å få vegen køyrbar igjen, seier Myklebust.

Han har aldri sett så mykje vatn så langt oppe i dalen.

- Det ser heldigvis ut til at hyttene har gått klar. Ei hytte har fått gjørmevatn under, og eg veit ikkje om sjølve hytta har fått skade, fortel Myklebust

Han er forundra over regnveret som har vore, for lenger nede i Årsetdalen er det ikkje så gale.

- Eg bur på Myklebust, og her er ikkje elva spesielt flaumstor, fortel Myklebust.