Dei siste dagane har store mengder stått i elveosen i Bondalselva, og tydelegvis er dei på veg opp i elva.

Laurdag var det sett ein stim på sytti til hundre laksar, medan det søndag i middagstida i alle fall stod tretti laksar i osen.

- Det er villfisk, for det meste hannar, seier Bjørn Urkegjerde ved Bondalselva Camping. Han har sett på det store innsiget av laks dei siste dagane.

Laksestimane har ført til at mange dei siste dagane har stått på Hustadbrua for å få sjå all laksen. Debatten har gått om det er villfisk, eller om det er rømt oppdrettsfisk som er i systemet.

Bondalselva er no stengt for fiske, og dermed er det fritt fram for laksen å gå fram i elva.