May Kristin Bolli kjem opphavleg frå Eide på Nordmøre, og busette seg i Ørsta i 2007. Ho har studert i Volda og Bergen, og jobba som inspektør ved Fana gymnas. Turen gjekk vidare til Sandane der ho var dagleg leiar for Sandane næringshage. Deretter vart det jobb ved Høgskulen i Volda der ho har jobba mykje med lærarutdanning. Ho har og arbeidd ved Ørsta vidaregåande skule. Planen var å vende tilbake til høgskulen, men så kom moglegheita til å verte rektor ved Møre folkehøgskule.

– Eg er oppteken av utdanning. Både på ein høgskule og ein folkehøgskule driv vi med utdanning og læreprosessar, og det er ein del fellesnemnarar. Likevel så er folkehøgskule eit heilt spesielt skuleslag. Det er ein veldig spesiell kultur som eg ikkje har erfaring frå tidlegare, og det er veldig spennande.

– Kva var det som freista med rektorstillinga?

– Nestleiaren i styret sa at det virka som om eg hadde samla kompetanse og erfaring til denne jobben. Det var ein match med kompetansen, erfaringa, kvalifikasjonar og ikkje minst interessefelta eg har, og det har eg fått bekrefta i ettertid. Her får eg brukt meg sjølv både fagleg og personleg.

Bedriftsleiar og rektor

Dei siste atten åra er det Odd Steinvåg som har vore rektor ved folkehøgskulen i Ørsta. Bolli har vore tilknytt folkehøgskulen sidan mai, og Steinvåg skal vere ved skulen fram til september. Ho meiner sjølv at ho tek med seg ein litt annan tradisjon inn i rektorvervet.

– Det vil verte ei stor endring når det vert eit skifte etter så lang tid, og eg har ein heilt annan bakgrunn enn Odd. I min bevisstheit så er eg like mykje rektor som eg er bedriftsleiar, og det er like mykje ei bedrift eg skal leie som ein skule. Det vil gjennomsyre måte min å leie på. Eg tenkjer botnlina, inntening, innovasjon og utvikling med tanke på å skape næring. Det er kanskje ein litt annan tradisjon enn det som har vore her.

– Korleis vil du sette ditt preg på folkehøgskulen?

– Eg ynskjer å vere ein aktiv og synleg rektor. Eg har klare tankar om at folkehøgskulen skal vere levande og pulserande organisasjon, og ein aktiv samarbeidspartnar med det andre næringslivet. Men det er ikkje ein jobb eg gjer aleine, og eit av mine fremste leiarprinsipp er at vi gjer dette i lag og eg er ein lagspelar. Eg er meir enn middels interessert i fotball, og Molde er laget. Eg skal vere kaptein og midtbanestrateg som skal servere ballar, men det er ikkje eg som skal skåre alle måla. Eg er avhengig av gode medarbeidarar, og det er det her.

Ho ser ikkje føre seg at ho framleis vil sitje i rektorstolen om atten år.

– Eg skal gjere opp status om 4–5 år. Om eg har same driven og entusiasmen vil eg halde fram, og det er eit privilegium å få jobbe ved Møre folkehøgskule.

– Må følgje med i tida

Møre folkehøgskule har vore innovative i linevala dei har tilbode elevane, og det arbeidet ynskjer Bolli å vidareføre.

– Den lineportefølgjen vi har i dag er det ikkje sikkert at vi har om fem år. Det er heilt avgjerande at vi følgjer med, fange opp trendar, klarer å omstille oss og møte behovet i marknaden. Vi er veldig populære i dag og har ingen problem med å fylle opp klassene. Animasjonslina har vore smekkfull i lang tid, og Kina-lina er veldig populær.

– Sitrar etter å kome i gang

Bolli rosar sine nye kollegaer som dedikerte, ivrige og flinke folk.

– Det har vorte lagt ned mykje godt arbeid, og det er med stoltheit at eg tek over arbeidet som har vore gjort her. Det gjer det enklare for meg, men vi kan ikkje kvile. Vi må brette opp ermane og vere på.

Laurdag 23. august vert det høgtidlege opning av skuleåret ved folkehøgskulen i Ørsta.

– Det sitrar i kroppen etter å kome i gang og møte elevane og lærarane, og det er mykje godt arbeid vi skal i gang med.