På ein produksjonsdag vert det nesten produsert 4.000 middagar i lokale til Bacalaofabrikken AS i Festøya, og rundt 100.000 bacalaoporsjonar vert produsert i året. Produkta er populære og dei siste åra har bedrifta hatt ein vekst på nesten tretti prosent kvart år.

– I fjor var veksten enno litt høgare, og vi har gått litt i pluss. Vi brukar mykje ressursar på nye produkt, vi har kjøpt inn nye maskiner og vi kjøpte også Festøy eigedom og tok over bygningsmassen her, seier dagleg leiar Finn Elling Sætre.

Lang haldbarheitstid

Investeringane har også ført til eit nytt produkt, ferdig utvatna klippfisk loins med ei haldbarheit i femti dagar.

– Etter at fisken er pakka så vert den trykkbehandla. Dette hemmar bakterieveksten, og gir produktet ei haldbarheitstid på femti dagar. Utan denne behandlinga så vil produktet halde seg i fem til sju dagar. Det er viktig å påpeike at det ikkje er nytta e-stoff eller konserveringsmiddel for å få dette til.

Bacalaofabrikken har god tru på at det nye produktet vil slå an på marknaden, og så langt har tilbakemeldingane berre vore gode.

– Vi har køyrt ein del ut på storhushaldningsmarknaden, og tilbakemeldingane er gode. Restaurant- og sushimarknaden har og vist interesse for produktet, og vi har von om å det ut i daglegvareforretningane i haust. Vi meiner at denne typen produkt er vegen å gå for å få opp forbruket. Det vert ofte stilt spørsmål om kor lenge ein skal vatne ut klippfisk, og uvissa gjer at klippfisken vert mindre brukt. Med ferdig utvatna klippfisk kan du ta den rett opp frå kjøledisken og lage det til tradisjonelt med kvitsaus og bacon, eller grille fisken, seier Sætre.

Litt av filosofien til Bacalaofabrikken er at produkta skal vere enkle å nytte for kundane.

– Det krev sitt å jobbe fram nye produkt, men vi skal gjere det enklare for kundane å bruke dei. Det kostar, men det er den riktige vegen å gå.

I dag har Sætre tre tilsette og litt tilkallingshjelp i lokala i Festøya, men truleg er det snart behov for fleire.

– Vi er ikkje fleire enn det vi treng etter at vi klarte å effektivisere produksjonen. Held veksten fram for oss så er det ikkje tvil at det er fleire hender som må til.

Suksessiv utvikling

2014 ligg an til å verte nok eit godt år for Bacalaofabrikken.

– Vi ligg an til å få ei omsetning på mellom 10 og 12 millionar kroner, og det er første gang i Bacalaofabrikken si historie. Vi er spente på korleis det nye produkta vert teke imot. Vi har stadig nye produkt på gang, men det er ressurskrevjande for ei bedrift som oss og det er viktig at vi tek utviklinga suksessivt.

Dei to siste åra har Bacalaofabrikken sponsa Naturfestivalen med bacalao, og det har vorte godt teke imot.

– Under båtfestivalen i Ålesund serverte vi 1.500 middagar. Tilbakemeldingane var gode, og det var god reklame.

Med gode år bak seg og ei effektivisering av produksjonen meiner Sætre at Bacalaofabrikken har gode år i vente.

– Slik kundane våre tek imot produkta våre har vi god tru på vidare vekst og god tru på framtida. Vi strekkjer oss etter vidare vekst, men om veksten ikkje vert like stor som dei siste åra så vert vi likevel ikkje skuffa. Vi har satsa mykje på nye produkt, og har von om at det vil bidra til vidare vekst og vil skape fleire arbeidsplassar på Vartdalsstranda.