Torsdag ettermiddag mottok Fora Form frå Ørsta ein av bransjeprisane under arrangementet  Innovasjonskraft 2018, i regi av Norsk Industri ved Designindustrien, samt Design og arkitektur Norge (DOGA) og Patentstyret.

Fora Form fekk prisen årets produkt for stolen "Camp"

– Vi er stolte over denne utmerkinga – den betyr mykje for oss. Gratulerer også til våre samarbeidspartnarar på design, Anderssen & Voll, som har spilt en stor rolle i utviklinga av «Camp», sa administrerande direktør i Fora Form, Ivar Sandnes, då han mottok prisen for årets produkt.

I ei pressemelding står det om "Årets produkt": Loungestolen «Camp», designa av Anderssen & Voll, er eit enkelt og komfortabelt møbel særleg utforma for kontraktsmarknaden. Lenestolen er perfekt for sosiale møteplassar og venteområde. Den er komponert av ein liten handfull tydelege element, der spenninga mellom dei rektangulære putene og den frie bøylen er sjølve signaturen til stolen.

– Stolen har eit visuelt uttrykk som verkeleg står fram i ein ellers fyldig møbelkategori. Fora Form har lang tradisjon for å bruke designarar, og produktene er populære blant interiørarkitektar både i Noreg og internasjonalt, kommenterer bransjesjef Egil Sundet i Designindustrien.