I februar i fjor gav Frostating lagmannsrett eit sameige i Volda kommune medhald i ei sak om tvangssal av to leilegheiter. I oktober i fjor døde mannen. Gjennom eit gjensidig testament skulle ei kvinne arve dei to seksjonane i sameige. Den 5. januar i år kom Søre Sunnmøre tingrett med ei rettsavgjerd der den eine seksjonen vart selt for 580.000 kroner. Fire dagar seinare kom rettsavgjerda for den andre seksjonen med ei salssum på 625.000 kroner.

I februar vart rettsavgjerdene anka av kvinna via advokat til Frostating lagmannsrett. Kvinna hevda at det skulle blitt heldt ekstraordinær generalforsamling i sameiget før seksjonane vart selde, og at spørsmål knytt til garasjeplass og fellesutgifter skulle ha vore avklart. I anken vart og vist til at kvinna ikkje var ein formell part i saka og at ho ikkje skulle ha fått tilsendt utkast til stadfesting frå medhjelparen til tingretten. Det vart argumentert med at fristen til å kome med innvendingar mot stadfestinga gjekk ut i rettsferien, og at det er ein sakshandsamingsfeil.

– Kvinna ligg an til å tape millionar på den framgangsmåten medhjelparen har valt.

Det vart lagt ned påstand om rettsavgjerdene frå tingretten skulle opphevast.

Medhjelparen til tingretten meiner han har følgt lovverket, og at det ikkje låg føre noko sakshandsamingsfeil. Bustyrar i dødsbuet til mannen påpeika at det var kvinna sitt ansvar å sende innvendingar mot stadfestinga innan tidsfristen. Det vart lagt ned ein prinsipiell påstand om at saka vart avvist grunna manglande partsevne i saka, subsidiært at rettsavgjerdene til tingretten vart stadfesta.

Lagmannsretten konkluderte med at kvinna ikkje kunne opptre som ein sjølvstendig ankande part i relasjon til rettsavgjerdene om stadfesting av sal og fordeling av kjøpesummar.

– Ein slik sjølvstendig rett ville kunne skade kreditorane i buet.

Det vart konkludert med at kvinna i denne saka ikkje kunne sjåast på som eigar eller at ho har rett til dei to seksjonane i sameiget.

Dermed kom lagmannsretten fram til at kvinna ikkje har ankerett, og anka vart forkasta. Rettsavgjerda var samrøystes. Kvinna må til saman betale 26.700 kroner i sakskostnader.