For Ørstavik Sanitetslag har gjeve pengar til møblering, inventar og ein hjartestartar til ein verdi av nær 200.000 kroner.

Arv

– No er det ikkje slik at dette er pengar vi sjølve har samla inn. Pengane skriv seg frå ein arv vi fekk frå Pella og Petter Aure. Dei var barnlause, og sanitetslaget arva huset deira. Vi fekk i oppgåve å forvalte arven med å gje pengane til gode føremål i lokalsamfunnet, fortel Turid Vatne Aambakk i sanitetslaget.

Fleire gode tiltak

Tidlegare har sanitetslaget gjeve 100.000 kroner av desse midlane til sansehagen ved Ørstaheimen, 100.000 kroner til Kiwi-hallen og 100.000 kroner til flygelet i Ørsta kyrkje.

– Vi har forvalta midlane på ein slik måte at det har kome dei fleste grupper til gode, til dei eldre, til barn og unge, og til dei fleste av oss. Vi sat att med ein rest, og då arbeidet med det nye legesenteret og dei nye omsorgsbustadene i Vallamarka tok form, bestemte vi at vi skulle bruke midlane her, fortel Vatne Aambakk.

Hjartestartar

Fyrst vart det bestemt at pengane skulle nyttast til møblar og inventar. Mellom anna gjeld det møblar i fellesareala til omsorgsbustadene, og ein vassdispensar i legesenterdelen.

– Vi hadde noko til rest, og då vi fekk vite at legesenteret hadde behov for ein ny hjartestartar, avgjorde vi at resten skulle gå til dette tiltaket, fortel Vatne Aambakk.

Gåva frå sanitetslaget vart teke i mot med stor takk frå huseigar Ørsta kommune.

– Dette er ei stor gåve, sa seksjonsleiar for helse, Knut Åmås.

Teke i bruk

Legesenteret ved Vallamarka har vore i bruk ein god månad, og åtte av omsorgsbustadene er tildelte. Det er i alt tjue omsorgsbustader i bygningen, og i kjellaren er det plass til hjelpemiddel som kommunen disponerer.

105 millionar kroner

Vallamarka har kosta 105 millionar kroner, og Veidekke AS har vore hovudentreprenør.

– Endeleg er dagen komen for at Ørsta kommune kan ta i bruk eit splitter nytt bygg til eit moderne legesenteret og framtidsretta omsorgsbustader, sa avtroppande kommunelege Arne Gotteberg.

Det var ordførar Stein Aam som klipte snora, med rådmann Wenche Solheim og leiar for Ørsta legesenter AS, Trude Tonning, som medhjelparar.

Orrdførar Stein Aam klipte snora, med rådmann Wenche Solheim og leiar for Ørsta legesenter AS, Trude Tonning, som medhjelparar Foto: Rune Sæbønes