Han var med på den offisielle opninga av Eik-senteret på Mosflata onsdag.

Det nye Eik-senteret i den tidlegare Grepa-bygningen på Mosflata vart teken i bruk for nokre veker sidan. Men den offisielle opninga var onsdag.

Eiksenteret AS disponerer 2.000 kvm av den i alt 6.300 kvm store næringsbygningen på Mosflata.

Det var ordførar Stein Aam som stod for den offisielle opninga. I korrekt verneutstyr – og med ordførarkjede – saga han over ein stor stokk med den største motorsaga som Eik har i handelen.

– Det er skogen som har forma meg til den eg er, så dette skal går fint, sa Aam før han med tydeleg erfaring fekk kappa stokken.

For Eiksenteret AS har det vore ei lang reise mot dei tidsmessige lokala på Mosflata.

Verksemda vart etablert i 1987 i Ørsta. Det skjedde etter at Eik-kjeda omgrupperte, og baserte seg på franchise-modellen. Altså at det var sjølveigde einingar i kjeda. Odd Inge Johansen vart då kontakta, og saman med Per Ulvestad etablerte han Eik i Ørsta. I dei fyrste åra var det i Hovdebygda, før forretninga i 1994 flytta til Unhjem-bygningen i Anders Hovden-gata.

– Det var ein tøff oppstart. Vi vart ikkje spådd noko langt liv. Men vi var heldige, for Massey Ferguson kom med to nye traktormodellar det året vi starta, og vi selde atten traktorar fyrste året, fortalde Johannesen.

Grepa-bygningen

Etter kvart vart Eiksenteret i Ørsta den einaste Eik-forretninga for Sunnmøre og store delar av Nordfjord, og Eik-kjeda er no den dominerande i Noreg.

– I fjor hadde vi 48 prosent av traktorsalet i Noreg, fortel Kjempekjenn.

No har altså Eiksenteret AS i Ørsta flytta til den tidlegare Grepa-bygningen. Sidan Grepa-fabrikken vart lagt ned i 2008 har Ørsta kommune og Sparebank 1 Søre Sunnmøre arbeidd for å få til ei berekraftig bruk av bygningen.

– I Sparebank 1 er vi glade for at vi har fått inn Eiksenteret. No vert det arbeidd med å ta meir av bygningen i bruk. Her er plass til fleire framoverlente verksemder som Eiksenteret, seier Sigrunn Vartdal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Flott forretning: Adm.dir. Trond Kjempekjenn i Eik Maskin AS var full av lovord til den nye Eik-forretninga.På biletet er vidare Erling Ulvestad, ordførar Stein Aam og Knut Inge Haugen. Foto: Rune Sæbønes