For det har dei fått utmerkinga Sølvtina.

Utdelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Lillestrøm i går kveld i forkant av Tine sitt årsmøte, melder Tine i ei pressemelding.

Hans Christian Hjelle frå Folkestad fekk også same utmerkinga, saman med Torill og Leif Haram frå Haramsøy og Bozena og Idar Farstad frå Hildre.

Hans Christian Hjelle frå Folkestad. Foto: Tine

Ikkje ein einaste glepp

Kvar dag måler Tine kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka vert kategorisert som «elitemjølk». Mjølka vert mellom anna analysert for celletal som fortel om jurhelsa, bakterienivå som fortel om hygienisk standard og frie feittsyrer som fortel om smaken på mjølka. Mjølka må sjølvsagt vera fri for medisinrestar og dette vert kontrollert ved kvar einaste mjølkehenting.

Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, vert heidra med Sølvtina.

Kvalitet og grundighet

Tine sin styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Hanne Refsholt stod for utdelinga på Lillestrøm måndag kveld 23. april. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for mjølka, og nær 5.500 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne motta den eksklusive tina i sølv.

Styreleiar Trond Reierstad er stolt over kor dyktige og grundige mottakarane av Sølvtina er. Bak prestasjonane ligg yrkesstoltheit, gode hygienerutinar og grundig planlegging og oppfølging av alle delar av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte.

– Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste 15 åra har andelen elitemjølk auka jamnt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdensklasse, seier Trond Reierstad.