Grunneigarar på Andaneset skriv til Volda kommune at dei «protesterer skarpt» mot planane om korleis ei bru over Voldsfjorden skal lande Volda-sida.

– Ei bru frå Folkestad til Andaneset vil øydelegge bumjiljøet på Andaneset. Hus og eigedomar vil bli raserte. Truleg må eigedomane innløysast.

Det er forslag om to måtar å lande brua på Andaneset, men grunneigarane meiner begge forslaga er både «useriøse og basert på manglande lokalkunnskap».

– Ei lang historie med busetnad på Andaneset vil vere over.

Dei viser også til at det vil vere rasfare for det eine alternativet, og at dette må avvisast.

– Det går ofte ras frå Rotsethornet ned mot Voldsfjorden, skriv dei, og viser også til at deler av den gamle vegen er lagt i tunnel nettopp på grunn av dette.