Ørsta kommune har fått ein søknad om utlegging av flytebrygge i Sandvika. I svaret til søkaren opplyser kommunen at søknaden er sendt på høyring på vanleg måte.

– Fylkesmannen frårår kommunen å gi løyvet til tiltaket, og tilrår at det vert vurdert ei felles løysing.

I brevet vert og opplyst at kommunen har i oversendinga til høyringspartane orientert om at det er fleire flytebryggjer i området som etter flyfoto ser ut til å vere etablert etter at slike tiltak var søknadspliktige.

– Men vi kan ikkje sjå at kommunen har gitt løyve. Vi oppfattar Fylkesmannen slik at han rår kommunen til å rydde opp i området og at det vert etablert ei løysing som kan tene fleire eigedomar.

Saka har blitt drøfta på leiarnivå i seksjon for Tekniske tenester i Ørsta kommune.

– Vi oppmodar at det vert vurdert i kva grad det er aktuelt å finne ei felles løysing for fleire eigedomar innanfor arealet i kommunedelplan.

Kommunen ber om tilbakemelding i saka frå søkjaren.