– Korleis er det planlagt og budsjettert med ladepunkt for elbilar ved fleirbrukshallen? Kva er status når det gjeld ladestasjonar ved andre eksisterande kommunale bygg? Vil det framover automatisk bil planlagt for etablering av ladestasjonar ved bygging av nye offentlege bygg?

Dette er nokre av spørsmåla Frida Gillberg (MDG), Marit Aklestad (SV), Gunnar Knutsen (V), Hans Olav Myklebust (Frp), Paul Kristian Hovden (KrF) og Per Are Sørheim (H) stiller i ein interpellasjon til komande kommunestyremøte 26. april.

Dei viser til at utviklinga innan klimavennleg transport har vore stor siste åra, og at ein stadig større del av bilparken no går på fornybar energi.

– For å følge med i utviklinga må Ørsta ta grep og etablere ladestasjonar for elbilar. Slik vert miljøvennlege løysingar enkle, attraktive og effektive for innbyggjarane våre, skriv dei i interpellasjonen.